Redusert lesetilgang til meldingar sendt verjemålsseksjonen via Altinn
Grunna overgang til ny arkivkjerne i verjemålssaker, får vi i ein kort periode ikkje lesetilgang til meldingar du har sendt oss via Altinn frå den 6. august.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Du kan framleis sende oss meldingar i Altinn frå 6. august, men vi vil dessverre ikkje få tilgang til å lese dei før tidlegast den 11. august. I utgangspunktet vil ingen søknader eller meldingar vi får i Altinn bli behandla før denne datoen.
Vi beklagar dei ulempene dette medfører.
Ved generelle spørsmål kan du sende e-post til vårt postmottak, men vi anbefaler at du ikkje oppgir sensitive opplysningar på e-post.
Telefonen til verjemålsseksjonen er open som normalt i veke 32.
Lenkjer
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar