Ny modell for godtgjering til verjer
Frå 1. januar 2025 er det gjort endringar i reglane for godtgjering til verjer.
Frå og med 1. januar 2025 er ikkje lenger godtgjeringssatsane knytt til om verjeoppdraget omfattar økonomiske forhold, personlege forhold eller begge deler. Dette skilet er fjerna og erstatta med ein fast årleg sats for ordinære verjeoppdrag, og ein høgare sats for særskilt krevjande oppdrag.
Dei nye faste satsene er
Alminneleg verje |
Fast verge |
||||
Standard sats |
Spesielt krevjande oppdrag |
|
Standard sats |
Spesielt krevjande oppdrag |
|
5 000 |
7 500 |
|
10 000 |
15 000 |
|
Dersom du som verje har oppdrag som du meiner skal godtgjerast etter den høgare satsen, må du søkje Statsforvaltaren om godkjenning. Skjemaet for søknad om verjegodtgjering er oppdatert slik at det no er mogleg å søkje om høgare sats.
Merk at den høgare satsen ikkje vil gjelde før det tidspunktet statsforvaltaren har treft vedtak om høgare sats. For meir informasjon, sjå www.vergemal.no/godtgjoring.
Viss den eller dei du er verje for skal betale ein høgare godtgjering enn tidlegare ber vi verjene om å informere verjehavar om dette.
Lenkjer
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar