Bruk reint trevirke på jonsokbålet
Brenning av avfall kan ureine og det kan oppstå giftige gassar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.06.2017
Impregnert trevirke kan gje frå seg giftige gassar når det brenn. Brenn difor ikkje dei grågrøne plankane på jonsokbålet.
Avfall som ikkje høyrer heime på bålet:
- Impregnert trevirke kan innehalde kopar og verstingstoffa krom, arsen og tjærestoffet kreosot. Oske og røyk er giftig og kan innehalde arsenikk
- Madrasser, møbel, tekstil og skumplast kan innehalde polyuretan som gir helseskadelege gassar, blåsyre og kolos
- Plast som blir brent kan skape dioksinar som mellom anna er kreftframkallande. Plast kan også innehalde ei rekkje andre skadelege stoff
På eit jonsokbål skal det difor berre vere reint trevirke. Reint trevirke må vere fritt for lim, lakk og maling.
Bruk bålvett – lever avfall til miljøstasjonen i kommunen din.