Tilsyn etter drapshandlingar
FYLKESMANNEN I VESTLAND: Fleire drap på Vestlandet det siste året er utførte av personar som har vore psykotiske. Tilsynsmyndigheita undersøker og følgjer opp drapa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Redaktøren i Haugesunds avis har 23. november stilt spørsmål om kvifor det ikkje er oppretta tilsynssak etter drapet i Haugesund i februar 2019, men har gjort det etter drapet i Florø i november 2019.
Drapa er sjølvsagt like alvorlege. Fylkesmannen undersøkjer begge, men på ulike måtar. Vi fekk tilsendt Helse Fonna si eiga gjennomgang og vurdering av kontakten og oppfølginga dei hadde gitt gjerningsmannen. Sjølv om vi ikkje oppretta tilsynssak etter drapet i Haugesund, gjorde vi i realiteten den same tilsynsvurderinga som vi no skal gjere etter drapet i Florø. Vi har brukt retten vi har til å innhente informasjon etter helsetilsynslova i begge sakene.
Tilsyn skal bidra til forbetring og pasienttryggleik
Føremålet med vårt tilsynsarbeid er å bidra til pasienttryggleik og forbetring. I dette ligg det og at vi skal bidra til å hindre at eventuell svikt skjer igjen. Det inneber og at dersom vi ser at helsetenesta sjølv analyserer hendingar, legg fram for oss kva dei har gjort og vurdert, er føremålet oppnådd. Dersom vi ser at den gjennomgangen helsetenestene har gjort, ikkje er god nok, så går vi vidare med eigne undersøkingar.
Flora og Helse Førde blir no bedne om å sende inn den informasjonen dei har om den sikta, og den gjennomgang dei måtte ha gjort etter drapet. Dette vil vi så gjere ei vurdering av, tilsvarande den som vart gjort etter drapet i Haugesund.
Vi ber no oftare helsetenestene sjølve om å gå gjennom og vurdere hendingar. Når dette blir gjort av helsetenestene, bidrar det raskare til pasienttryggleik og betre tenester.
Politiet si oppgåve
Når det gjeld sjølve drapshandlinga, er det sjølvsagt politiet som følgjer opp det. Vår oppgåve er i nokre tilfelle å undersøke om helsetenesta har gitt forsvarleg behandling i forkant av eit drap, særleg når handlingspersonen viser seg å ha ein alvorleg psykiatrisk tilstand, som det å vere psykotisk.
Vi vurderte Helse Fonna
Helse Fonna gjekk sjølv gjennom sin kontakt med og sine vurderingar av den personen som er dømt. Dette arbeidet var vi kjende med at dei heldt på med. Vi fekk også tilsendt rapporten helseføretaket laga etter gjennomgangen. Vi fann analysen og vurderinga tilstrekkeleg til å kunne ta avgjerda om å ikkje gå vidare med ei eiga undersøking. Informasjonen vi sat med var slik at vi ikkje hadde grunn til å tru at helsetenesta
- mangla informasjon,
- ikkje hadde gjort jobben sin og
- kunne ha føresett eller forhindra det som skjedde.
Vi vil vurdere Helse Førde og Flora kommune
Når det gjeld drapet i Florø, ber vi Helse Førde og Flora kommune om same type opplysningar som dei vi fekk frå Helse Fonna. Når vi har fått dette, vil vi gjere same type vurdering av om helsetenesta har handla forsvarleg.
Helsetenesta har færre verkemiddel enn før
Psykisk helsevernlova blei endra for vel to år sidan. Det er no strengare krav til når det er lov å bruke tvang, og det er eit uttalt mål å redusere bruken av tvang. Helseføretaka må følgje denne lova. Det er strenge vilkår både for innlegging, å halde ein person tilbake i institusjon og å gje legemiddel når personen set seg imot dette. Personar som ikkje vil ha behandling sjølv om dei er sjuke, kan såleis helsetenesta ikkje alltid hjelpe. Kommunane er i endå større grad avhengig av samarbeid og vilje frå pasientane for å følgje opp.
Fører mindre bruk av tvang til meir vald?
Dette gjer at med den siste innstramminga i psykisk helsevernlova og den klåre bodskapen om at bruken av tvang skal ned, så har helsetenesta færre reiskapar enn før til å gripe inn overfor psykisk sjuke personar som ikkje sjølv vil. Det gjeld og når helsepersonell meiner at det ville vore det beste for pasientane. Denne endringa har både pårørande og helsepersonell meldt frå om at dei meiner er vanskeleg. Mange pårørande opplever det fortvilande at deira nærmaste ikkje får den hjelpa dei meiner dei treng.
Endringane i psykisk helsevernlova kan føre til fleire alvorlege hendingar med fatale utfall både for pasientar og andre.