Årsrapportar for 2022
Årsrapporten viser nøkkeltal for statsforvaltarane og korleis vi har løyst oppgåvene våre. I tillegg skildrar han situasjonen på fleire område i kvart enkelt fylke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.03.2023
Rapporten er først og fremst ei tilbakemelding til sentrale styresmakter, men kan også vere av interesse for ei større målgruppe.
Vi sender årsrapporten til Kommunal- og distriktsdepartementet, som statsforvaltarane er administrativt underlagt. Vi får dessutan oppdrag frå ei rekkje fagdepartement og -direktorat. Årsrapporten er såleis ei direkte tilbakemelding til dei som styrer oss.