Ny opplæringslov frå 1. august
Den nye opplæringslova betyr store endringar i rettane til elevane. Lova seier at elevens beste skal vere eit grunnleggande omsyn ved handlingar og avgjerder som gjeld elevar.
Publisert 09.07.2024
Når den nye lova trer i kraft, får elevar rett til vidaregåande opplæring heilt til dei har fullført, dei får rett til å byte utdanningsprogram viss dei ombestemmer seg og dessutan høve til å ta fleire fagbrev. Også vaksne som treng opplæring får utvida rettane sine.
Ny opplæringslov: Lov om grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (Lovdata.no)
Rett til vidaregåande opplæring heilt til du har fullført (regjeringa.no)