Søknad om utfylling ved Tau Mølle

Høyringsfrist:
2. mars 2016

Vestlie AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved industrikaien til Tau Mølle i Strand kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.

Publisert 03.02.2016

Fylkesmannen har motteke ein søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr./bnr. 17/4 Tau i Strand kommune. I samband med utviding og betring av kaiarealer er det behov for utfyllingar i sjø. Utfyllingane har til saman eit volum på om lag 12 000 m3, og vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 1 000 m2.

Undersøkingar av sjøbotnen i området har påvist forureining av kvikksølv, kopar, TBT og PAH-sambindingar. Botnsubstratet består i hovudsak av grovkorna sediment med lågt innhald av finstoff. Søkjar planlegg mellom anna å leggje eit lag med dekksand under utfyllinga for å hindre spreiing av forureining.

Tiltaksområdet ligg i nærleiken av Krossvatnet som er eit svært viktig overvintringsområde for vannfugl. Det er elles ikkje registrert viktige marine naturtypar i influensområdet.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.