Fylkesmannen i gang med kommunebesøka
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har ein ambisjon om å gjeste alle kommunane i Rogaland dette halvåret. No er ho i gang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Saman med store delar av leiargruppa si, starta ho innarst i Ryfylke, i Sauda 29. januar. Her blei dei tekne godt i mot av ordførar Frode Sulen, rådmann og formannskapet i kommunen.
Same dag gjekk turen vidare til Suldal, kor ordførar Torkel Myklebust, var vert, saman med formannskapet.
Tysdag i denne veka gjesta fylkesmannen Lund og Bjerkreim.
Føremålet med gjestingane er for det fyrste å bli kjent med kvarandre, men det er også viktig for fylkesmannen å få kunnskap om dei utfordringane kommunane har.
God dialog med kommunane er ein føresetnad for at fylkesmannen skal gjere ein god jobb - til beste for Rogaland.
Og som Magnhild Meltveit Kleppa sjølv sa det i samband med den fyrste kommunegjestinga: Det er i kommunane folk bur. Som statleg representant i fylket er det viktig for meg å kome nær på dei utfordringane kommunen og innbyggjarane opplever.