Prosessrettleiaren
Tittelen seier kanskje ikkje all verda. Men jobben Anfinn Rosnes skal gjera er viktig. – Eg håper det kjem noko godt ut av prosessen, seier den ferske prosessrettleiaren for kommunereforma.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjønt fersk. 51-åringen har jobba hos Fylkesmannen i Rogaland sidan 1988, rett nok med eit par luftepausar. Den lange erfaringa gjer at han kjenner kommunane i Rogaland godt. 1. november tok Rosnes til i jobben som prosessrettleiar for kommunereforma.
– At det skal skje noko med kommunestrukturen er rimeleg sikkert. Det er målet til både regjeringa og fleirtalet på Stortinget. Jobben min blir å leggja til rette for gode prosessar i kommunane her i Rogaland. Det er kommunane som må gjera jobben. Me skal ikkje styra, men hjelpa til, seier Rosnes.
Sanner kjem
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar til hjelp for kommunane, snart kjem det også eit opplegg for korleis innbyggjarane best kan involverast. I Rogaland har Fylkesmannen besøkt regionråda og enkelte kommunestyre. Fleire skal det bli, lovar Rosnes.
– Eg merkar at informasjonsbehovet er stort. Derfor bør kvar enkelt kommune etterkvart ha ein kontaktperson. På det regionale nivået skal Fylkesmannen koordinera prosessen saman med KS. Det skal etablerast ei breitt samansett ekstern ressursgruppe, og det skal arrangerast fellesmøte med alle ordførarar og rådmenn. Det er også verdt å merka seg at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kjem til det tradisjonsrike Victoria-møtet i Stavanger 11. desember. Det blir spennande å høyra kva han tenkjer om den vidare prosessen framover.
Ta kontakt!
Rosnes registrerer at det ikkje bare er politikarar og tilsette i kommunane som treng informasjon. Ein del organisasjonar er også organiserte etter gjeldande kommunestruktur, så også dei ber om informasjon for å bli klokare på kva som skjer. Og sjølvsagt må alle innbyggjarane bli involverte.
– Det er kjekt å registrera det aukande engasjementet. Me skal vera tilgjengelege og stilla opp så godt me kan, både for organisasjonar, kommunar og andre som ønskjer det. I tillegg skal me informera godt gjennom nettsida til Fylkesmannen i Rogaland, seier prosessrettleiaren.
Du kan treffa Anfinn Rosnes på telefon 51 56 89 80.