Kompetansestrategi for det kommunale barnevernet 2018-2024
Kompetansestrategien er ein del av Barnevernsreformen som Stortinget vedtok i juni i år 2017, og blei lansert av BLD 31.10. 17.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er i statsbudsjettet satt av midler som skal brukast på vidareutdanningar, forbetring av grunnutdanningane, nytt opplæringsprogram, læringsnettverk og eigne rettleiingsteam.
Tiltaka i kompetansestrategien skal gi tilsette auka kompetanse i å utgreie barna sine behov og gi rett hjelp.
Kommunane skal også få betre moglegheiter til å byggje opp eigne tilbod til barn og familiar som treng det.
Kompetansestrategien skal være ein hjelp for kommunane i arbeidet med å forebu seg til å ta over det faglege og økonomiske ansvaret for ordinære forsterheimar og ikkje spesialiserte hjelpetiltak.