Nasjonalt utviklingsarbeid for hjelpetiltak i barnevernet
Ti barneverntenester skal delta i eit nasjonalt utviklingsarbeid for hjelpetiltak i barnevernet. Dei neste to åra skal desse ti barneverntenestene utvikla og prøva ut ein grunnmodell for hjelpetiltak. Føremålet er at dette skal gje betre og meir treffsikre tiltak for barn og unge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Grunnmodellen for hjelpetiltak skal bidra til at kommunane styrkar arbeidet med hjelpetiltak gjennom faglege anbefalingar for forsvarleg hjelpetiltaksarbeid. Dei ansatte får verktøy for å strukturera forløpet og medverkninga i tiltaka.
Det er Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og regionsentrene RKBU Vest og RBUP Øst og Sør som har fått ansvaret for arbeidet. Tenestene som er valgt ut er satt saman i fire klynger. Frå Rogaland er det Haugesund og Utsira som er med i prosjektet. Dei utgjer ei av klyngene.
Du kan lesa meir her.