Samarbeid mellom barneverntenester og psykiske helsetenester til barnets beste
Helsedirektoratet (Helsedir) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i fellesskap utarbeidd rundskrivet som blei ferdig hausten 2015.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samarbeid mellom barneverntenester og psykiske helsetenester er viktig for at barn og unge med behov for fleire tenester skal få eit heilskapleg tilbod. Formålet med rundskrivet er å bidra til å videreutvikle eit godt og fleksibelt samarbeid mellom barneverntenester og psykiske helsetenester slik at barn, unge og familiane deira får dei tenestene dei har behov for. Rundskrivet tar sikte på å avklare kva ansvar tenestene har og oppgåvene deira, plikta til å samarbeide og dei rettslege rammene som gjeld for samarbeid mellom tenestene. Med barneverntenester meiner ein tenester både på kommunalt og statleg nivå. Med psykiske helsetenester meiner ein både kommunale helse- og omsorgstenester og psykiske helsevern i spesialisthelsetenesta.