Rett til barnehageplass
Barnehagelova gir kommunane plikt til å tilby plass i barnehage til barn som er busette i kommunen. Barn som fyller eit år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har rett til å få plass i barnehage frå august.
Barn som fyller eit år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eit år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hovudopptak
I februar og mars har kommunane søknadsfrist for hovudopptak av barn i barnehage. Kommunane fastset eigne tidsfristar. Informasjon om fristar og opptak finn ein på heimesidene til kommunane. Her finn ein også søknadsskjema og informasjon om søknadsprosedyre.
Kommunen skal leggje til rette for eit samordna opptak der alle godkjende barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Private barnehagar kan likevel ha eigne opptakskriterium.
Vedtekter
Vedtektene for barnehagane skal gi opplysningar om opptakskriteria. Desse skal være konkrete, objektive og etterprøvbare slik at det er råd å vurdere om barnehageplassane er tildelte etter dei.
Klage på avslag
Ved hovudopptaket kan søkjar klage over avslag om barnehageplass. Søkjar kan også klage dersom ein verken får første eller andre ønske om barnehage oppfylt. Kommunens klageorgan er klageinstans. Dei som vil klage, må sende klagen skriftleg til kommunen. Opplysningar om klageretten skal liggje ved tilbod eller avslag om barnehageplass.
Meir informasjon
Meir informasjon om regelverket om retten til barnehageplass og om saksbehandlingsreglar ved opptak av barn finn du på nettstaden til Utdanningsdirektoratet
Kontaktpersonar
-
Mette Sømme
Tlf: 51 56 87 35