Bruk av alternativ opplæringsarena i grunnskolen
Hovudregelen er at elevar skal ha opplæring i klassar/gruppe på skolen. Opplæringslova har ei snever opning for at skoleeigar kan ta i bruk alternativ opplæringsarena.
Alternativ opplæringsarena
Ein alternativ opplæringsarena er kjenneteikna ved at opplæringa går føre seg på ein annan stad enn på skolen sitt område. Dette kan gjelde delar av eller heile opplæringa.
I særlege tilfelle kan elevar ha manglande tilfredsstillande utbytte av opplæring på skolen, trass omfattande individuelt tilrettelagd opplæring. Nokre gonger ser PPT det som nødvendig for eleven sitt beste, å ta i bruk opplæring på alternativ opplæringsarena. Eleven kan slik få ei opplæring som samla sett gir eit forsvarleg opplæringstilbod. PPT må tilrå kva for ein arena dei vurderer er til elevens beste, omfang av opplæring på alternativ opplæringsarena, og kva for føresetnader som må liggje til grunn for eit slikt opplæringstilbod. Det er knytt kompetansekrav til den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring jf. Opplæringslova (oppll.) § 11-9.
Det er omsynet til eleven, ikkje omsynet til skolen eller kommunen, som er avgjerande for bruk av alternativ opplæringsarena.
Kommunen har ikkje plikt til å tilby individuelt tilrettelagd opplæring på alternativ opplæringsarena, men kommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket jf. oppll. § 11-7.
Opplæringslova
Opplæringslova har ei snever opning for at skuleeigar kan bruke andre opplæringsarenaer enn opplæring på skolen. Mellom anna må
- PPT tilrå at individuelt tilrettelagd opplæring blir gitt på ein alternativ arena
- eleven må ha eit enkeltvedtak om rett til individuelt tilrettelagd opplæring
- enkeltvedtaket fastslår individuelt tilrettelagd opplæring på alternativ opplæringsarena
- opplæringa må vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK2020) og elevens individuelle opplæringsplan (IOP)
Elevar som får heile/deler av opplæringa si, på ein alternativ opplæringsarena har rett til:
- eit trygt og godt skolemiljø, jf. oppll. kapittel 12
- ordensreglementet gjeld som på skolen oppll. § 10-7
- vurdering, jf. forskrift til oppll. kapittel 9
- samarbeid med heimen, jf. oppll. §§ 10-3,11-7
- skyss jf. oppll. § 4-1. Retten til skyss gjeld frå heimen til alternativ opplæringsarena
- forsvarleg tilsyn, jf. forskrift til oppll. kapittel 12
- ulykkesforsikring, jf. oppll § 28-8 og kapittel 18 i forskrift til oppll.
Korleis var bruken av alternativ opplæringsarena i Rogaland skoleåret 2023/2024
Talet for kor mange elevar som får opplæring på alternativ opplæringsarena, har auka gjennom dei siste åra. Dette gjeld både i Rogaland, og for heile landet (GSI tal). Skoleåret 2023/2024 fekk 205 elevar opplæring på ein alternativ opplæringsarena i Rogalan, 178 gutar og 27 jenter.
18 av 23 kommunar i Rogaland meldte i GSI at dei brukte alternativ opplæringsarena for enkeltelevar i grunnskolen skoleåret 2023/2024.
Tilsyn med alternative opplæringsarenaer
Bruk av alternativ opplæringsarena utgjer ein del av vår risikovurdering når vi vel ut kommunar for tilsyn.
Meir informasjon
- Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging | udir.no
- Krav til opplysningene i saken og sakkyndig vurdering | udir.no
- St.Meld 34 (2023-2024) En mer praktisk skole pkt 5.4.5 Bruk av alternative opplæringsarenaer
Kontaktpersonar
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Inger Lønning
Tlf: 51 56 87 83 -
Gina Løland
Tlf: 51 56 88 10