H.K.H. Kronprinsen besøker ONS 2024

Kronprinsen til stades under ONS 2022.
Kronprinsen til stades under ONS 2022. Foto: Tord Paulsen / ONS.

– At Kronprins Haakon kjem til ONS 2024 er noko me er utruleg glade for, og me set stor pris på engasjementet hans for berekraftige løysingar og korleis han framhevar behovet for globalt samarbeid, seier administrerande direktør i ONS, Leif Johan Sevland.

Publisert 20.06.2024

I år det 50 år sidan ONS blei arrangert for første gong i Stavanger (1974). I jubileumsåret er det derfor ekstra stas med kongeleg besøk.

Det er venta over 60 000 deltakarar frå meir enn 100 nasjonar når ONS 2024 inviterer leiande energiaktørar, politikarar, andre beslutningstakarar og innovatørar for å diskutera og utvikla framtidas energiløysningar.

Omvising og samtalar med energibransjen

Etter opningsseremonien får Kronprinsen ei omvising i ONS-utstillinga. Dette gir han høve til å møta og snakka med fleire av dei leiande aktørane i energibransjen – og få innsikt i nyskapingane og teknologiane som blir presenterte.

ONS 2024, arrangert av stiftinga ONS, lovar fire dagar med innsiktsfulle diskusjonar og banebrytande idear som kan forma framtidas energiløysningar – med Kronprinsen som æresgjest heile opningsdagen 26. august. 

Kongeleg beskyttelse

Kronprinsen var også til stades under ONS 2016, 2018 og 2022. Eit medlem av kongefamilien har faktisk vore til stades på alle ONS-arrangementa sidan 1974.

Frå Statsforvaltaren i Rogaland er det statsforvaltar Bent Høie som følger Kronprinsen under besøket.

H.M. Kong Harald er ONS sin beskyttar. Ordninga med beskyttarskap er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innan viktige område av samfunnslivet. Kongefamilien var raske til å anerkjenna betydninga av aktivitetane på norsk sokkel då olje og gass blei oppdaga. ONS blir arrangert annakvart år i Stavanger.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekka Kronprinsens besøk under ONS 2024, må akkrediterast hos ONS.

For meir informasjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer