Flott feiring av nye statsborgarar
210 nye statsborgarar i Rogaland blei feira på staseleg vis i Kuppelhallen i Stavanger på laurdag. Heile 55 nasjonar var representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.06.2015
Målet er å ønskja velkommen og markera at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Dei 210 nye, feststemde statsborgarane kom frå 55 ulike nasjonar og er busette i 19 kommunar i Rogaland.
Med venner og familie deltok over 600 under seremonien laurdag ettermiddag.
Her finn du bileta frå Statsborgarseremonien 2015.