Coronaviruset i Kina: – Ta kontakt viss du har vore i området
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider nå med å førebu korleis helsetenesta skal handtera situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Norge. – Ta kontakt med helsevesenet viss du har vore i Kina og kjenner symptom på sjukdom i luftvegane, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland får hyppige oppdateringar frå helsestyresmaktene om situasjonen og vidareformidlar desse til kommunane i fylket.
Uoversiktleg situasjon
Coronaviruset smittar mellom folk, og utbrotet i Kina har klare parallellar til tidlegare utbrot av både sars- og fugleinfluensavirus, meiner fylkeslegen i Rogaland.
– Per i dag er det ein ganske uoversiktleg situasjon. Me må berre håpa at ein klarer å isolera utbrotet mest mogleg, viss ikkje kan situasjonen globalt bli langt meir alvorleg, seier Dahle-Melhus.
– Ta kontakt viss du har vore i området og føler deg dårleg
Ho tilrår å halda seg oppdatert på Folkehelseinstituttet si nettside – og legg til:
– Folk som eventuelt har vore på reise i Wuhan-området i Kina bør ta kontakt med helsevesenet snarast viss dei kjenner symptom på sjukdom i luftvegane.