Fleire frisklivssentralar
Ein frisklivssentral er ein kommunal helseteneste som har som mål å fremje fysisk og psykisk helse samt å førebyggje og meistre sykdom. Stadig fleire kommunar i Rogaland etablerer slike frisklivssentalar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har løyvt 368 000 kroner til etablering og utvikling av frisklivssentralar i Rogaland i 2013. I tildelinga prioriterte vi kommunar som har starta eller er i ferd med å etablere drift av frisklivsentral nå.
I Rogaland er det kommunane, Sandnes, Sola og Hå som har frisklivssentral i drift. Medan Klepp, Time, Gjesdal og Stavanger skal starta opp hausten 2013. Dei andre kommunane er i aktiv etablerings- og oppstartfase med forventa oppstart og drift i 2014.
Her er oversikt over kommunane som fekk tilskot frå Fylkesmannen i 2013.
Kommune |
Tildelt |
Hå |
60 000 |
Tysvær |
85 000 |
Sola |
90 000 |
Suldal, Vindafjord og Sauda |
90 000 |
Haugesund |
43 000 |
Les meir om frisklivssentralar på nettstaden til Helsedirektoratet
Kontaktpersonar
-
Helge A. Haga
Tlf: 51 56 88 56