Ny tildeling av innovasjonsmidlar for 2017
I brev av 04.07.2017 tildelte vi midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 1. runde. Det blei haldt av ein reserve på 3,35 mill. som blir fordelt i denne runden. 9 nye prosjekt er tildelt midlar og eitt av prosjekta har fått auka tildeling.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Desse prosjekta er nå tildelt midlar:
Kommune |
Tittel |
Tildeling kr |
Eigersund |
"Analyse av flykningers status i forhold til inkludering og integrering i perioden 5 år etter bosetting-mtp arbeid, aktivitet og utdannelse" |
150 000 |
Stavanger m.fl. |
"Samordnet regional digitalisering for kommunene Sandnes, Hå, Randaberg, Klepp, Time, Gjesdal, Sola og Stavanger" |
600 000 |
Sokndal |
"Sammen om en digital fremtid" |
200 000 |
Klepp |
"Velferdsteknologi- ny kunnskap og nye arbeidsformer" |
400 000 |
Time |
"Servicetorg 2027 – innovasjon i digital innbyggjarservice |
400 000 |
Gjesdal |
"Helhet og sammenheng i kommunal tjenesteyting" |
400 000 |
Randaberg |
"Hvor og hvordan møter kommunen sine innbyggere i en digital tid?" |
300 000 |
Hjelmeland |
"Nytt blikk" |
200 000 |
Tysvær m.fl. |
"Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene" |
200 000 |
Karmøy |
"Aktivitetsportal" |
200 000 |
|
|
3 050 000 |
Samla søknadssum ligg på kr 20 210 000. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brevet av 30.01.2017 og omtale på nettsidene våre.
Nærare om tildelinga:
Egersund får kr 150 000 til prosjektet "Analyse av flyktningers status i forhold til inkludering og integrering i perioden 5 år etter bosetting-mtp arbeid, aktivitet og utdannelse". Prosjektet vil sjå kva flyktningar gjer av arbeid, aktivitet og utdanning 5 år etter busetjing. Resultata vil brukast til å betra arbeidet med å inkludera og integrera flyktningar.
Stavanger får kr 600 000 for eit prosjekt saman med Sandnes, Hå, Randaberg, Klepp, Time, Gjesdal, Sola kor dei skal samordna den regionale digitaliseringa. Kommunane ønskjer å møta dei nasjonale krava til digitalisering samla, og oppretta felles kompetansemiljø, identifisera felles utfordringar, utvikla felles forståing av utfordringsbiletet, og utvikla og finna nye gode løysingar saman.
Sokndal får kr 200 000 til prosjektet "Sammen om en digital fremtid", saman med Eigersund. Målet med prosjektet er å få eit felles økonomisystem, for å nytte erfaringsutveksling, kompetanseoverføring, redusera sårbarheit, og vidareutvikla tenestene. Blant anna skal økonomisystemet vera ein plattform for framtidsretta digitale tenester retta mot innbyggjarane.
Klepp får kr 400 000 til eit prosjekt om implementering av velferdsteknologi, og utvikling av nye rutinar for å tryggja brukarane, og auka kunnskapen om utstyret hos tilsette, og leggja til rette for nye arbeidsmåtar som effektivisera ressursbruken. Brukarar og pårørande skal involverast tidleg for å kunne påverka utviklingsarbeidet.
Time får kr 400 000 for å vidareutvikla servicetorget sitt. Målet er kartleggja innbyggjarar og næringsliv sin bruk av servicetorget for å sjå kva tenester som kan forenklast og automatisera. Fokus vil blant anna vera digitalisering av tenester som i dag krev fysisk frammøte.
Gjesdal får kr 400 000 til eit prosjekt kor kommunen ønskjer å skape heilskap og samanheng i det kommunale tenestetilbodet saman med innbyggjarane. Prosjektet skal definera nye roller innan tenesteutviklinga, samt sikte på å gå frå sektorvis tenesteløysing til et fokus på heilskapsorientert problemløysing.
Randaberg får kr 300 000 til eit prosjekt kor kommunen vil jobba særskilt med å sjå korleis dei kan inkludera alle innbyggjarane i digitale løysingar, også skeptikarane. Dei vil m.a. sjå særskilt på korleis de skal få med dei som av ulike årsaker ikkje kan ta i bruk digitale løysingar.
Hjelmeland får kr 200 000 til prosjektet "Nytt blikk" i regi av KS sitt læringsnettverk, og er eit ledd i ein langsiktige satsing på organisasjon- leiing- og medarbeidarutvikling. Prosjektet har som målsetjing å endra kulturen for heiltid, slik at hovudregelen for tilsetjing i er heile stillingar i heile kommunen.
Tysvær får kr 200 000 for vidareføring av velferdsteknologiprosjektet på Haugalandet, som er eit samarbeid mellom kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Målet er at auka bruk av velferdsteknologi skal gjera det mogleg for brukarar å bu heime så lenge som råd, med god livskvalitet. Prosjektet fekk også midlar i 1.runde.
Karmøy får kr 200 000 for å prosjektet "Aktivitetsportal" kor kommunen vil samla alle aktivitetstilbod på ein plass. Målet er å senka terskelen for aktivisering, og gjennom aktivisering motverka einsemd som har vert eit aukande problem i kommunen.
Sandnes fekk kr 400 000 til prosjektet "VT-respons" i første runde, og har søkt om å omdisponera midlane til prosjektet "Bakkescanning" saman med Stavanger. Prosjektet har som mål å ta i bruk ny teknologi for å blant anna effektivisera innsamling av stadfesta data med stor presisjon. Vi aksepterer dette.
Lund får kr 300 000 i ordinært skjøn på generelt grunnlag.
For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Rapportering skjer via søknadsportalen. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.
Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider.