Utforming av nye forskrifter i kommunane
I ny kommunelov er det krav om at kommunestyret skal gi forskrift om dei folkevalde si rett til dekning av kostnader og økonomisk tap (§8-3), arbeidsgodtgjersle (§8-4), ettergodtgjersle (8-6) og permisjonar. Kravet om forskriftsform er nytt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lovtiendredaksjonen i Lovdata har gjort Kommunal- og regionaldepartementet (KMD) merksam på at dei har motteke fleire forskriftar i haust som ikkje tilfredstillar forvaltningslova sine krav til utforming av forskrift. Av den grunn har KMD skrive brev til kommunane for å minna om krava til korleis forskrifter skal bli utforma. Departementet har også laga eit hjelpedokument som viser korleis ei forkrift kan bli utforma. Brevet frå KMD og hjelpedokumentet finn de i høgremarga.