Hjelmeland er ute av ROBEK
Hjelmeland kommune er ute av ROBEK frå 9. august. Dermed er ingen kommunar i Rogaland med i dette registeret.
ROBEK står for Register om betinget godkjenning og kontroll (ROBEK) og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.
Kva konsekvensar får det å vera i ROBEK?
Kommunar eller fylkeskommunar i ROBEK må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (fylkeskommunane) eller Fylkesmannen (kommunane) for å kunna fatta gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar, og dei treng lovlegkontroll av budsjettvedtaka.
Underskot førte Hjelmeland inn i registeret
Hjelmeland blei meldt inn i registeret 17. august 2015 på grunn av store rekneskapsunderskot som ikkje var dekt inn etter planen. Siste rest av underskotet for 2013 og 2014 er dekt inn i rekneskapen for 2017. Denne blei behandla i kommunestyret 20. juni.
Haugesund var også i registeret mellom 2010 og 2017. Kommunen hadde store underskot etter «Terra-saka». 19 norske kommunar er framleis "ROBEK-kommunar", men heldigvis ingen i Rogaland.