Kommuneøkonomiseminar
Onsdag 6. april arrangerer Fylkesmannen, i samarbeid med KS og NKK, eit økonomiseminar med svært aktuelle tema som oljekutt, befolkningsprognosar, Kostra og arbeidsmarknad.
Seminaret skal vera på Victoria Hotell i Stavanger sentrum.
Oljekutt og prognosar
Overordna tema er «oljekutt og kommunane». Gustav Svane, NAV Rogaland, orienterer om arbeidsmarknaden og prognosar framover. Sjeføkonom Kyrre Knudsen i SR-Bank held ein presentasjon om oljekutt og konjunkturutsiktene.
Befolkningsprognosar
Kommunane vil få utslag gjennom demografiutvikling, skatteinngang og tenesteutvikling. Einar Skjæveland i Stavanger kommune orienterer om arbeidet med befolkningsprognosar i Stavanger.
Vibeke Bø Langeland, Stavanger kommune, innleier om korleis ein kan analysera skatteinngang gjennom skatterekneskap og annan statistikk.
Vidare har vi fått spesialrådgjevar Sigmund Engdal frå KS til å orientera om eit analyseopplegg der faktisk ressursbruk (KOSTRA) blir kopla mot kommunanes objektive utgiftsbehov og inntektsnivå.