Skjønstilskot til vertskommunar i samband med den ukrainske flyktningsituasjonen
Stortinget har auka skjønsramma til kommunane i 2022 med 170 millionar kroner til vertskommunar som har vesentlege utgifter til ukrainske flyktningar i mottaksfasen. Dette gjeld utgifter som ikkje blir dekka av vertskommunetilskotet, eller av andre statlege tilskot innan barnevern og helse.
Det var under behandlinga av Prop. 78 S (2021 - 2022), jf. Innst. 270 S (2021 - 2022) den 5. mai 2022 at Stortinget vedtok å auke skjønsramma. Det ekstra tilskotet kommer i tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet.
Skjønstilskotet skal gå til vertskommunar med asylmottak og/eller kommunar med avtale om alternativ mottaksplass.
Om ordninga:
- Kommunane kan søkje statsforvaltaren om kompensasjon for faktisk dokumenterte lovpålagte utgifter knytt til flyktningar som er registrerte med opphald i kommunen, som går vesentleg utover UDIs tilskot til vertskommunar for asylmottak, inkludert tilskot til alternativ mottaksplass (AMOT), eller utgifter som andre statlege tilskot dekker.
- Kommunar får ikkje skjønstilskot basert på anslag.
- Utgiftene som kommunane kan søkje om å få kompensert, gjeld utgifter til lovpålagte tenester, hovudsakleg innan helse- og barnevernområdet. Kommunen skal holde utgifter til skolesektoren utanom, siden Kunnskapsdepartementet har eigne tilskotsordningar til dette.
Statsforvaltaren skal sikre kvaliteten og vurdere søknadene ut frå lokalkunnskap og gi ei tilråding. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet og Justisdepartementet som gjer den endelege fordelinga av tilskotet. Kommunane kan ikkje forvente å få kompensert for sine utgifter krone for krone. Det er lagt opp til at dei kommunane som får tilskot, skal få dette utbetalt i desember 2022.
Aktuelle kommunar i Rogaland sender inn søknad om skjønstilskot for vertskommunar til Statsforvaltaren i Rogaland innan 14. oktober 2022. For meir informasjon, sjå brev til kommunane frå Statsforvaltaren lagt ved denne saka.
Kontaktpersonar
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87 -
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47