Statsbudsjettet for 2020
Regjeringa la i dag, 07. oktober 2019, fram forslag til statsbudsjett for 2020 (Prop. 1 S 2019-2020). Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget.
Statsbudsjettet bygger på følgande anslag og endringar:
- Realvekst i samla inntekter 3,2 mrd. kr og 0,6 %
- Realvekst i frie inntekter 1,3 mrd. kr og 0,3 %
- Heile veksten i frie inntekter går til kommunane
- Deflator 3,1 % for 2020 (var 3,0 % for 2019)
- Herav lønnsvekst 3,6 %
Deflatoren brukast for å berekne realveksten i kommunane sine inntekter. Den er eit anslag på årleg lønns- og prisvekst (prosent) som kommunane blir kompensert for gjennom inntektssystemet.
I kommuneproposisjonen blei det lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på mellom 1 og 2 mrd. kr i 2020, som motsvarar ein vekst på mellom 0,3 og 0,5 %. Dette er noko lågare enn tidlegare år. Det blei lagt opp til at heile auken skulle gå til kommunane. Det var spesielle bindingar på veksten. Realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter var berekna til mellom 0,2 og 1,5 mrd. kroner (0 – 0,3 % vekst).
Veksten i frie inntekter for 2020 er rekna frå inntektsnivået som ble anslått i RNB 2019. Talet tek ikkje omsyn til oppjusteringa av skatteinntektene til kommunesektoren i år.
Skjønnsmidler 2020
I Fylkesmannens brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet står det om fordeling av skjønnsmidlar for rogalandskommunane i 2020. Brevet var unntatt offentlegheit til fremlegging av statsbudsjettet. Sjå også retningslinjer frå KMD for fordeling av skjønnsmidlar i 2020.
Les meir om statsbudsjettet i dokumenta som er vedlagt. På statsbudsjettet.no finn du alle dokumenta og pressemeldingar frå departementa. Særleg aktuelle er:
- KMD sin fagproposisjon
- Grønt hefte - berekningsteknisk dokumentasjon for kommunesektoren
- Fylkesoversikten har samla informasjon om regjeringa sine foreslåtte tiltak og satsingar per fylke, samt informasjon om økonomi og nøkkeltal for kommunane.
- Portalen frie inntekter viser fordeling av rammetilskot og anslag på skatteinntekter for din kommune.
Kontaktpersonar
Dokument
- Statsbudsjettet for 2020 oppsummering
- Statsbudsjett for 2020 eigedomsskatten
- Grønt hefte - tabeller 2020 Rogaland
- Bakgrunnstall tabell 3-k Rogaland
- Brev til KMD - Fordeling av skjønnsramma 2020
- Retningslinjer fordeling av skjønnsmidler i 2020
- KMD_informasjonsopplegg for statsbudsjettet 2020_Rogaland_081019.pptx