Statsbudsjettet for 2025
Regjeringa la 7. oktober 2024 fram forslag til statsbudsjett for 2025 (Prop. 1S 2024-2025). Vi gir her eit samandrag av kommuneopplegget og legg ved viktige lenkjer og nyttige rekneark frå "Grønt hefte" for kommunane i Rogaland. Saka fortel óg om bakgrunnen for fordelinga av 36,7 millionar kroner i ordinært skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2025.
På statsbudsjettet.no finn du alle dokumenta og pressemeldingane frå departementa. Særleg aktuelle er Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sitt budsjettforslag og «Grønt hefte», den berekningstekniske dokumentasjonen som viser fordeling av rammetilskotet for den enkelte kommune. Bruk gjerne fylkesoversikta for å finne samla informasjon om regjeringa sine foreslåtte tiltak og satsingar per fylke, saman med informasjon om økonomi og nøkkeltal for kommunane.
Skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2025
I Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen for 2025 fekk KDD fullmakt til å fordela 1 milliard i skjønnstilskot. Basisramma for kommunane er sett til 800 millionar kroner, og 53,5 millionar kroner blei fordelt til Rogaland.
Vi har lagt ved eit brev til denne artikkelen som fortel om bakgrunnen for fordelinga av 36,7 millionar kroner i ordinært skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2025. Fordelinga kjem også fram av Grønt hefte tabell 1-k.
I tillegg til ordinært skjønnstilskot er det er sett av 16,7 millionar kroner til ei seinare fordeling. Dette består av 14 millionar kroner til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn) og 2,8 millionar kroner til uventa hendingar (restskjønn).
Kommuneøkonomi - 2024 er eit krevjande år
I 2023 var driftsresultata for kommunesektoren under tilrådinga frå TBU, som seier at netto driftsresultat bør ligge over 1,75 % av netto driftsinntekter. Nasjonalt har forskjellane mellom kommunane sine driftsresultat auka. Sektoren har framleis store disposisjonsfond, men også der er det store variasjonar mellom kommunane.
I 2024 tilseier mellom anna lågare anslag på skatteinngang og høgare anslag på kostnadsvekst enn tidlegare lagt til grunn at driftsresultata for kommunane kan bli svake.
Endringar frå revidert nasjonalbudsjett
Det er anslått at skatteinngangen vil bli 2,5 mrd. kroner lågare enn anslått i revidert nasjonalbudsjett, og at anslag på kostnadsvekst er 0,5 mrd. kroner høgare.
Reduserte skatteinntekter i 2024 får kun verknad i år og vil ikkje påverke nivået på det frie inntektene i 2025.
Kommuneopplegget 2025
Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 6,8 mrd. kroner. Veksten fordelar seg med 5,15 mrd. kroner til kommunane og 1,65 mrd. kroner til fylkeskommunane.
Veksten i demografi- og pensjonskostnadene er anslått til om lag 3,2 mrd. kroner. Dette anslaget for veksten er 0,7 mrd. kroner lågare enn veksten som vart varsla i kommuneproposisjonen. Anslaget for pensjonskostnadene blir laga for sektoren samla. Basert på historiske tal kan ein anslå at anslaget fordeler seg med om lag 90 pst. på kommunane og om lag 10 pst. på fylkeskommunane. Dette er lagt til grunn i fordeling av handlingsrom mellom kommunar og fylkeskommunar.
Sektoren vil få eit handlingsrom utover anslått demografi- og pensjonskostnader på 3,6 mrd. kroner. Dette er 1,1 mrd. kroner høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. For kommunane vil dette handlingsrommet vere på 3,1 mrd. kroner, noko som er 0,8 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i kommuneproposisjonen.
Innanfor veksten til kommunane er om lag 1,7 mrd. kroner grunngitt med nytt inntektssystem, 250 mill. kroner er grunngitt med bemanning i barnehagar, og 150 mill. kroner er grunngitt med psykisk helse.
Kommunal deflator for 2024 og 2025
For 2024 er anslaget for kommunal deflator oppjustert frå 4,3 pst. i revidert nasjonalbudsjett til 4,4 pst. Anslaget for kommunal deflator for 2025 er 4,1 pst.
Skatteøyren for 2025
Den kommunale skattøyren fortel kva prosentdel av skatt på alminneleg inntekt for personlege skattytarar som fell til kommunesektoren. Skattøyren vert sett med sikte på at skatteinntektene skal utgjere 40 prosent av kommunane sine samla inntekter. I forbindelse med Kommuneproposisjonen for 2025 sluttet Stortinget seg til at den kommunale skatteøyren på formue skal bli halvert over to år, og at netto eierinntekter blir tatt ut av det kommunale inntektsgrunnlaget. Endringane i skattegrunnlaget, saman med ein videreført skatteandel på 40 pst., inneber at skatteøyren på alminneleg inntekt vert auka for å kompensere for bortfall av eierinntekter og deler av formueskatten.
Skattøyren for kommunane vert sett til 12,75 prosent, ei endring frå 2024 på +1,80 prosentpoeng. For fylkeskommunane vert skattøyren sett til 2,65 prosent, ei endring frå 2024 på +0,30 prosentpoeng.
Pensjon
Anslaget for pensjonskostnadene inneheld ikkje effekten av ny offentleg AFP, som blir implementert frå 1. januar 2025. Regjeringa kjem tilbake med oppdatert anslag, inkludert effekten av ny offentleg AFP i revidert nasjonalbudsjett 2025.
Nytt inntektssystem
Frå og med 2025 blir nytt inntektssystem innført. Det nye inntektssystemet for kommunane vart lagt fram i kommuneproposisjonen i vår, og Stortinget har slutta seg til dei foreslåtte endringane.
Det blir gjort endringar innanfor alle dei tre delane av inntektssystemet. Dette er dei viktigaste endringane.
Utgiftsutjamning
Kostnadsnøkkelen i utgiftsutjamninga er oppdatert i tråd med samfunnsutviklinga. Dette inneberer at det er nye delkostnadsnøklar for alle sektorane som inngår i utgiftsutjamninga. Eit resultat av oppdateringa er blant anna at levekårskriterium nå får auka vekt i kostnadsnøkkelen. Alle kommunar vil nå få fullt basistilskot.
Skatt og inntektsutjamning
Endringane innanfor skatteelementa i inntektssystemet er viktige for å oppnå ei jamnere fordeling av inntekter mellom kommunane. Frå og med 2025 blir skatt på eigarinntekter (utbytte) tatt ut av skattegrunnlaget til kommunane. Eigarinntekter inngår i dag i grunnlaget for inntektsskatten til kommunane, og er eit skattegrunnlag som er svært ujamnt fordelt mellom kommunane. Formueskatten er óg eit skattegrunnlag som er ujamnt fordelt mellom kommunane, og kommunane sin del av denne skatten vil bli halvert.
Skatt på eigarinntekter og formueskatten blir erstatta av auka andel inntektsskatt for kommunane, sjå avsnitt over. Målet er framleis at skatteinntektene skal utgjere om lag 40 pst. av dei samla inntektene til kommunesektoren. Det blir óg auka omfordeling mellom kommunane ved at den symmetriske delen av inntektsutjamninga blir auka frå 60 til 64 pst.
Regionalpolitiske tilskot
Innanfor dei regionalpolitiske tilskota blir både storbytilskotet og distriktstilskotet for både Sør-Noreg og Nord-Noreg i all hovudsak vidareført. Veksttilskotet blir redusert og regionsentertilskotet blir avvikla.
Det blir fordelt 1,5 mrd. kroner at veksten i frie inntekter til dei kommunane som har lågast skatteinntekter (inkl. naturressursinntekter).
Overgangsordningar og tapskompensasjon
For å gjere overgangen til nytt inntektssystem lettare er det overgangs- og kompensasjonsordningar som gir kommunane tid til å tilpasse seg endringane.
Inntektsgarantiordninga (INGAR) vil avgrense den årlege nedgangen i rammetilstotet.
Auka inntektsutjamning og reduksjon i formueskatten blir innført over to år. Desse endringane får derfor berre "halv effekt" i 2025.
Det blir gitt ein tapskompensasjon til kommunar med skatteinntekter (inkl. naturressursinntekter) på under 105 pst. av landsgjennomsnittet, som tapar på endringane i inntektssystemet og toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, etter at veksten i dei frie inntektene på 1,5 mrd. kroner er lagt til. Kompensasjonen er samla på om lag 151,5 mill. kroner.
Ny toppfinansieringsmodell - endring av PU-kriteriet frå 2025
Kommunane rapporterer inn utgifter for 2024 over innslagspunktet som tidlegare. I 2025 er innslagspunktet 1 692 000 kroner. Verdien på PU-kriteriet (som trekkes fra ressursinnsatsen) er på 890 000 kroner i 2024. Kommunane inntektsfører tilskotet som utbetales i 2025 på 2024-rekneskapen, ev. fører tap/gevinst ved omleggingen i 2024-rekneskapen.
Sidan PU-kriteriet blir endra i inntektssystemet for 2025 vil konsekvensene først treffe kommunane når det søkes refusjon i 2026. Basert på 2024-utbetalingene vil økt refusjonsgrunnlag for hver PU bli ca. 293 000 kroner, mens redusert refusjonsgrunnlag for økt innslagspunkt blir ca 165 000 kroner (*80 pst. refusjon på landsbasis).
Fleire saker
Investeringstilskot til heildøgns omsorg
Regjeringa vil bidra til auka bygging av sjukeheimar og heldøgns omsorgsboligar. I 2025 er det foreslått ei tilsagnsramme på 325 millionar kroner, noko som tilsvarer eit investeringstilskudd til om lag 1 500 helgdøgns omsorgsplassar.
Skule
Regjeringa auker tilskotet til utstyr og arenaer for læring for meir praktisk og variert læring i skulen fra 127 mill. kroner til 160 mill. kroner. Regjeringa har frå i år òg innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. Denne ordninga har ei total investeringsramme på 8 mrd. kroner.
Bustad
I samband med revidert nasjonalbudsjett vart bustøtteordninga styrka med høgare tak for buutgifter, enklare reglar for behovsprøving, gunstigare reglar for hushald med heimebuande born i alderen 18 og 19 år og eit årleg tillegg til buutgiftene for å dekke noko av oppvarmingsutgiftene. Alle desse satsingane videreføres i 2025.
Sjå i høgremenyen for aktuelle lenkjer til Statsbudsjettet 2025 og nyttige rekneark frå "Grønt hefte" for kommunane i Rogaland.