Tildeling av seks millionar kroner til innovasjon og fornying i kommunane i Rogaland
Fylkesmannen har fordelt seks millionar kroner til 10 innovasjonsprosjekt i Rogaland. Dei overordna prioriterte områda er miljø og klima, kommunestruktur og omstilling, barn og unge og samfunnsutvikling. Til saman kom det inn 16 søknader med ei samla søknadssum på 15,1 millionar kroner.
For å sikra overføringsverdi blir midlane tildelt under føresetnad av at resultata fra prosjekta blir delte med dei andre kommunane i Rogaland. Den årlege innovasjonskonferansen er ein naturleg arena for formidling av nokre av resultata. For meir om tildelinga, sjå lenkje til brev.
Desse kommunane får innovasjonsmidlar
Alle kommunane i Rogaland
Får 1.950.000 kroner til Digi Rogaland. Til saman har denne felles satsinga blitt tildelt 9,55 mill. i skjønsmidlar over fire år, der 1.000.000 kroner nyleg vart tildelt som skjønnstilskot til flaumførebyggjande tiltak. Tildelinga blir betalt ut til Stavanger kommune.
Randaberg kommune
Får 1.000.000 kroner til prosjektet «Team Levekår», for å etablere eit tverrfagleg og tverretatleg miljøarbeidarteam som skal ha tettare oppfølging med flyktningfamiliar.
Stavanger kommune
Får tildelt 800.000 kroner til prosjektet «Kunnskapsløft for kommunene – Etablering av klyngesamarbeid Sør-Rogaland om forsking innen helse og omsorgstjenestene». Prosjektet er eit samarbeid med Time, Sandnes, Eigersund, Hå, Klepp, Gjesdal, Randaberg, Sola og Kvitsøy. Målet er å etablere eit interkommunalt samarbeid om forsking og bruk av forskingsresultat innan helse- og omsorgssektoren.
Gjesdal kommune
Får 650.000 kroner til prosjektet «Digitalt ungdomshus i Gjesdal» for å vidareutvikle og forbetre det digitale ungdomshuset som ble oppretta som følge av koronautbrotet. Prosjektet skal i tillegg etablere eit følgeforskingsprosjekt i samarbeid med NORCE for å styrke kapasiteten kommunen har til å utvikle digitaliserte, tverrfaglege tenester.
Tysvær kommune
Får 500.000 kroner til prosjektet «Implementering av IKOS digital tavle», som er eit elektronisk verktøy for kompetansestyring.
Sandnes kommune
Får midlar til to prosjekt. 300.000 kroner går til prosjektet «Interkommunal skogsforvaltning», der målet er å etablere ein felles skogsforvaltning mellom 14 kommunar i Rogaland. 300.000 kroner blir tildelt «Digital havmåling», med mål om å gjennomføre ein casestudie i forhold til vasstandsmåling med utgangspunkt i klimaendringar som økt havnivåstigning.
Vindafjord kommune
Får 200.000 kroner til «Prosjekt Acos på Haugalandet», som er eit samarbeid mellom Vindafjord, Bokn, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sveio og Etne. Målet til prosjektet er å etablere eit nytt samarbeid og fagleg nettverk mellom kommunane om innkjøp og drift av saks- og arkivsystem.
Hjelmeland kommune
Får 250.000 kroner til vidareføring av prosjektet «Kompetanse i Ryfylke». Prosjektet skal fokusere på kompetansepolitikk og livslang læring der folk bur, og er et samarbeid mellom Hjelmeland, Sauda, Suldal, Strand, Rogaland fylkeskommune og Ryfylke IKS.
Sola kommune
Får 50.000 kroner i støtte til innovasjonskonferansen, som er ein viktig arena for erfaringsutveksling og inspirasjon til fornyingsarbeid i Rogalandskommunane.
Kontaktpersonar
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87