Kommunereforma: status september 2015
Framleis er kommunane i Rogaland i ein prosess med utgreiingar, og det er gjort ein del vedtak om formell naboprat. Nå hastar det med å ta saka vidare til endeleg vedtak innan 1. juli 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har nå laga ein oppdatert status for kommunereformarbeidet i kommunane.
I september 2015 har kommunereforma vore til ny behandling i kommunestyret i alle dei åtte kommunane som har samarbeidd gjennom Jærrådet, med litt ulike val av vidare prosess. Fleire kommunar har vedteke å starte ein meir formell naboprat, medan Randaberg og Sandnes har vedteke å ikkje invitere til vidare naboprat. På Haugalandet har Haugesund, Karmøy, Sveio og Tysvær starta eit felles utgreiingsarbeid. Desse kommunane skal ha eit felles kommunestyremøte i desember 2015. Sør i fylket har Eigersund og Sokndal starta ein formell naboprat.
Folket i Hjelmeland mot vidare dialog med nabokommunar
Det var folkeavstemming i Hjelmeland i samband med valet, der fleirtalet (54,6 prosent) gjekk mot vidare dialog med nabokommunar om ny kommunestruktur. Det ser etter dette ut til at planane om ein ny kommune mellom Hjelmeland, Strand, Forsand stoppar opp, i alle fall når det gjeld endeleg vedtak dette året.
Fristen 1. juli 2016 står ved lag
Fylkesmannen gjer merksam på at tida nå er knapp fram til kommunane skal gjere endelege vedtak om eventuell ny kommunestruktur innan 1. juli 2016. Det er difor viktig at ny politisk leiing i kommunane tek ansvar for at prosessen går vidare. Vi legg til grunn at alle kommunar tek ein naboprat og involverer innbyggarane før det blir teke endeleg standpunkt i saka, og at dette blir gjort innan fristen. Det er også viktig at innbyggarane har konkrete alternativ å ta stilling til. Etter vår vurdering høyrer utkast til intensjonsavtale med som ein del av avgjerdsgrunnlaget.
Viktig samling 28 . oktober 2015
Fylkesmannen har invitert til storsamling om reforma den 28. oktober i Stavanger. Ei viktig målgruppe er her ny politisk leiing i kommunane, samt administrativ leiing. Men også andre er velkomne.
Vi viser også til eiga kartløysing med oppdatert informasjon om status i kommunane.
Statusoversikten for september finn du i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13