Planstrategi og kommunereform heng saman
Nå er nye kommunestyre på plass og arbeidet med kommunal planstrategi står snart på sakslista. Det er viktig at prosessen med planstrategi blir sett i samanheng med kommunereforma.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Planstrategi og kommunereform er tema som må bli vurdert saman. I plan- og bygningslova § 10-1 er det stilt krav om at kommunestyret minst éin gong kvar valperiode, og seinast eitt år etter konstituering, skal utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien bør blant anna omfatte ei drøfting av kommunen sitt strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Arbeidet med planstrategien og arbeidet med kommunereforma byggjer i stor grad på dei same drøftingane av utviklingstrekk og utfordringar i kommunane.
Mykje felles
Det er eit stort potensial i å sjå desse to prosessane i samanheng. Felles prosesselement og utviklingstema er blant anna medverknad, kartlegging og tilstandsvurdering. For kommunar som vurderer å slå seg saman, vil det vere nyttig å samarbeide om eit felles kunnskapsgrunnlag der det blir drøfta utviklingstrekk og utfordringar.
Kommunereforma fører til vesentleg endra føresetnader for den kommunale planlegginga, både når det gjeld samfunnsplanlegging, arealplanlegging og planlegginga av tenester. Den kommunale planstrategien er derfor eit viktig verkty for å vurdere kva planoppgåver som blir nødvendige å prioritere i lys av ein eventuelt ny kommunestruktur.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i eit brev til kommunane framheva koplinga mellom planstrategien og kommunereforma, og samstundes understrekt at planlegginga skal tilpassast behovet i den enkelte kommunen.
Nasjonale forventingar og kommunal planstrategi
Nasjonale forventingar til planlegginga kom i juni i år, og skal gi grunnlag for utarbeiding av ny kommunal planstrategi og vere førande for planlegginga dei neste fire åra. Fylkesmannen vil gjerne bidra med innspel til planstrategien, vurdert saman med prosessen rundt regional planstrategi. Det er viktig at strategiarbeidet ikkje blir meir omfattande enn naudsynt.
Brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet finn du i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13