Regjeringa ønskjer om lag 10 regionar

Statsråd Jan Tore Sanner la i dag fram stortingsmeldinga om nye regionar. Målet er rundt 10 regionar, mot dagens 19 fylkeskommunar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2016

Regjeringa ønskjer meir funksjonelle regionar, og ei betre samhandling mellom regionane og staten.

Ser også på den regionale staten

Ei halvering i talet på fylkeskommunar kan danna eit godt grunnlag for dette, meiner kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa skal også gå gjennom dei statlege regioninndelingane i lys av dei nye grensene for det regionale, folkevalte nivået. Dette gjeld også fylkesmannsstrukturen. I meldinga går det også fram kva oppgåver som er aktuelle å leggja til det regionale nivået.

Vidare prosess

Dei ulike regionane har frist til 1. desember med å gjennomføra naboprat, greia ut ny struktur og gjera endeleg vedtak. Deretter skal både oppgåver og struktur behandlast i Stortinget våren 2017.

Målet er at både ny regional- og kommunestruktur skal tre i kraft 1. januar 2020.

Du finn meir informasjon om regionmeldinga her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar