Tysvær og Bokn med intensjonsavtale
Fredag 26. februar blei det presentert ein intensjonsavtale for danning av ein ny kommune mellom Bokn og Tysvær. Fylkesmannen vil gi ros til den gode dialogen som er komen i stand mellom dei to kommunane, som er i tråd med tilrådinga vår.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har ved fleire høve rådd Tysvær og Bokn til å ta ein nabopart om framtidig kommunestruktur, uavhengig av dei prosessane som elles har vore i regionen. Vi vil gi ros til kommunane som har teke leiarskap - og som har ført fram til denne avtalen. Vi synest dette er ei endring i kommunestruktur som kan vere ei god løysing for framtida.
Involvering og informasjon
God innbyggarinvolvering blir nå viktig, og vi har registrert at det truleg blir folkeavrøysting i Bokn. Informasjonsarbeid i prosessen fram mot folkeavrøystinga blir særs viktig.
Fylkesmannen har invitert til ein vidare dialog om arbeidet med kommunereforma under kommunebesøket vårt i Bokn 9. mars. Det var også eit tema under kommunebesøk vårt i Tysvær 20. januar.
Du finn meir informasjon om saka på Bokn kommune si heimeside. Intensjonsavtalen deira finn du i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13