Fagdag på Bryne om flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus

Dato:
24. mai 2022 09:45 - 14:00
Stad:
Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Gartnerar, vekshusnæringa og andre med interesse for flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus
Tomatar i veksthus Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Bli med på fagdag på Bryne den 24. mai om bruk av flisbasert bioenergi til oppvarming i veksthus. Du får ei innføring i anlegg tilpassa veksthus og erfaringar med investering og bruk av flisbasert varmeanlegg. 

Publisert 27.04.2022

Skogbasert bioenergi er ein fornybar energikjelde som kan vere ein del av løysinga for varmeproduksjonen i veksthus. Bioenergi bidreg til klimaomstilling, berekraftig matproduksjon og lokal verdiskaping. 

Under fagdagen får du ei innføring i bioenergianlegg i veksthus og høyre erfaringar med bruk av flistbasert anlegg i praksis. Me kjem også innom bruk økonomiske støtteordningar, og Norsk gartnerforbund gir oss eit kort overblikk over eneregisituasjonen. 

  • Påmelding: påmelding innan 23. mai i skjemaet under. Påmeldinga er bindande.
  • Transport: deltakarane organiserer eigen transport til Aase gartneri.

Fagdagen er arrangert av Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland og CH4, med støtte frå Rogaland fylkeskommune og i samarbeid med Innovasjon Norge og Rogaland bondelag.

Program

09.45

Drøs og kaffi

 

10.00

Velkommen

Kjell-Terje Skrunes,                Skogselskapet i Rogaland

10.05

Landbruket – ein del av klimaløysinga

Marit Epletveit,                          styreleiar Rogaland Bondelag

10.15

Eit kort blikk på energisituasjonen

Martin Knoop,                        Norsk gartnerforbund

10.30

Støtteordningar for fornybar energi i landbruket

Innovasjon Norge Rogaland

10.45

Pause med kaffi og noko å bite i

 

11.00

Gardsvarmeanlegg i praksis

Me får ei innføring i anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investering og økonomi.

Karl Ludvig Ådland,                   CH4

12.00

Varm lunsj

 

12.45

Avreise for omvising i Aase gartneri

Hallstein Aase, Aase Gartneri, produserar agurk på fornybar energi. Produksjonen er oppvarma med fyring av flis og brikettar. I tillegg blir LED-vekstlys brukt. Hallstein produserer ca. 850 tonn på 16 mål veksthus.

Åsevegen 160, 4343 Orre

Deltakarane organiserer transport sjølv. Me oppmodar om samkøyring om mogleg.

14.00

Avslutning

 

 

Med forbehold om endringar i programmet. 

Påmelding

Dato:
24. mai 2022 09:45 - 14:00
Stad:
Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland, Norsk gartnerforbund, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Gartnerar, vekshusnæringa og andre med interesse for flisbasert bioenergi til oppvarming av veksthus