Teieplikt og opplysingsplikt - betre tverrfagleg samarbeid.

Fylkesmannen i Rogaland og KoRus vest Stavanger inviterer til fagdag om teieplikt og opplysingsplikt den 12. februar 2020 på Scandic Hotell, Forus.

 

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.12.2019

Tema for fagdagen

Kva seier lovverket når:

- Vi skal samarbeide med barnet og føresette

- Vi skal samarbeide internt i eigen teneste og mellom ulike tenester i kommunen

- Vi skal melde til Barneverntenesta

Fylkesmannen i Rogaland ved Hanne Sørlie Ronæss, seniorrådgivar og jurist i Utdanningsavdelinga, og Anders Kvadsheim Mygland, seniorrådgivar og jurist i Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for innhaldet denne dagen.

Målgruppe for fagdagen

Målgruppene for fagdagen er leiinga i barnehage og skole,barnevern, NAV, helsesykepleiar på skolane, PPT, SLT koordinator, og andre som inngår i tverrfaglege samarbeidsprosesser om barn,  kor teieplikta kan oppfattast som ei utfordring.

 

 

Praktiske opplysningar

Tid:        12. februar 2020 Kl 09.30 - 15.00

Stad :     Scandic Stavanger Forus, Bjødnabeen 2, Stavanger 4033

Eigenandel:  kr 250,-

Påmelding: På nettstaden Rogaland a-senter innan 03.02.2020

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.