Ladestasjon med fagleg påfyll. Bonde til bonde

Dato:
5. november 2022 10:00 - 16:00
Stad:
Møterom Jæren. Forum Expo
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte i fagtema
Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
Bygging av ny driftsbygning og debatten kring ku og kalv er to av tema som blir tatt opp. Foto: Monica Dahlmo.

Laurdag 5. november under Agrovisjon inviterer vi messedeltakarane til å droppe inn på vår ladestasjon med fagleg påfyll, bonde til bonde. Seks ulike tema står på blokka.

Publisert 12.10.2022

Folk kan kome og gå som de vil mellom kvart fagtema. Det blir snakk i 45 min og eit kvarter pause med tid til kaffi med noko attåt.  

Vi har fått med oss dyktige bønder som fortel om sine erfaringar. Arrangementet er gratis og opent for alle interesserte. 

Program

Kl 10 Utnytting av gjødselressursane på garden. 

Kristian Vinningland, bonde i Time kommune. Kva rom er det for å spare innkjøpt nitrogen ved god utnytting av husdyrgjødsla?

Kl 11 Regenerativt landbruk

Målretta beiting som verktøy i regenerativt landbruk.

Kl 12 Solenergi

Halvar Garpestad fortel om sine erfaringar med investering i solcelle-anlegg. 

Kl 13 Drøs om ulike løysningar ved nybygg til lausdrift

Svein Olav Tengesdal har bygd nytt fjøs, Hans Ilstad har bygd om til lausdrift med eteliggebås og Torstein Barkve har nybygg i tre.

Kl 14 Drøs om ku og kalv

Hanne Amundsen, Ståle Hustoft og Ingrid Marie Sørhus deler sine erfaringar.

Kl 15

Fruktproduksjon, foredling og direktesal

Sandalen gard i Randaberg, Ferda som fruktgartnar og produsent av lokaldrikke og -mat.

 

Ladestasjon program Agrovisjon.jpg