Fleire produksjonar inkludert i landbruket sin klimakalkulator
Nyleg blei Landbruket sin klimakalkulator utvida til å inkludere produksjonane ammeku, potet og kylling. Klimakalkulatoren er eit viktig verktøy for å finne tiltak som kan redusere utslepp av klimagassar frå gardsbruk. Bønder som har fått klimaråd kan søkje regionalt miljøtilskot til å dekke kostnadar til rådgiving.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Klimakalkulator
Klimakalkulator er eit digitalt verktøy utvikla spesielt for jordbruksnæringa. Kalkulatoren gir bonden oversikt over klimagassutslepp i gardsdrifta og potensial for reduksjon og karbonbinding i jord. Per i dag kan kalkulatoren nyttast for mjølkeproduksjon, ammekuproduksjon, svineproduksjon, fjørfeproduksjon, kornproduksjon og potetproduksjon, men målet er å inkludere alle produksjonane slik at alle norske bønder kan bruke kalkulatoren.
Regionalt miljøtilskot
I 2021 blei tilskot til klimaråd innført i regionalt miljøprogram i Rogaland. Klimaråd inkluderer både bruk av klimakalkulatoren og vurdering av behov for klimatilpassing på garden. Klimatilpassing handlar om korleis bonden kan tilpasse drifta for å møte klimaendringane. Kva tiltak kan gjere drifta meir roboust til å takle større svingningar i temperatur, vekstsesong og ikkje minst endra nedbørsmønster? Klimarådgivarane skal gå gjennom drifta og vurdere handtering av overflatevatn, fordrøyingstiltak, drenering og liknande.
Tilskot til klimaråd er ein del av Regionalt miljøprogram i Rogaland, og føretak som søkjer tilskot må oppfylle dei generelle krava for regionalt miljøtilskot. Søknadsfristen for regionalt miljøtilskot er 15. oktober, og søknadane blir behandla av kommunal landbruksforvaltning.
Landbruksdirektoratet godkjenner tilbydarar av klimaråd og fastsett kva innhaldet i eit klimaråd skal vere for å kvalifisere for tilskot. Det er utvikla ein felles mal for tiltaksplan som rådgivarane bruker. Kopi av tiltaksplanen og kvittering for utført rådgiving skal følgje med søknaden om tilskot. Tilskotet blir gitt for gjennomført rådgiving. Det er ikkje eit krav for tilskot at føretaket gjer alle tiltaka i tiltaksplanen.
Bønder som får utført klimaråd nå og fram til 15. oktober kan søke regionalt miljøtilskot med søknadsfrist 15. oktober 2022.