Erstatning for klimabetinga avlingssvikt
Jordbruksføretak kan søkje om erstatning ved store avlingstap som føretaket ikkje kan sikre seg mot. Det kan søkjast om erstatning innanfor følgjande vekstgrupper: Grovfôr, korn, poteter, grønsaker, frukt og bær. I tillegg kan det søkjast om erstatning for svikt i honningproduksjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vilkår for å kunne søkje
Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak, og det er difor viktig å dokumentere årsakssamanheng mellom skade og klima. Søkjar skal vurdere om heile avlingssvikten skuldast klimaskade, eller om delar eller heile avlingssvikten skuldast andre forhold. Føretaket skal gi melding til kommunen om skade eller mistanke om skade på eit tidspunkt der klimaskade kan påvisast, slik at kommunen kan gjera ei synfaring.
Søknaden skal innehalde ei god framstilling av skaden og god dokumentasjon på at skaden skuldast klimatiske forhold. Skade på grunn av sjukdom, skadedyr eller ugras fell utanom erstatningsordninga. Ei drift som ikkje er fagleg forsvarleg grunna dårleg drenering, gammal eng osv., gir ikkje rett til erstatning.
For å kunne søkje erstatning må søkjar i tillegg ha rett til produksjonstilskot på skadetidspunktet.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 31.oktober. Det kan søkjast elektronisk via Altinn eller på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Søknad skal sendast til kommunen. Kommunen skal gi uttale til søknaden før dei sender saka over til Fylkesmannen. Fylkesmannen gjer vedtak om erstatning.
Erstatningsutrekning
Erstatning blir bare gitt for produksjonssvikt ut over 30 prosent av gjennomsnittsproduksjonen/venta avling. Desse 30 prosenta blir rekna som eigenrisiko.
Utrekna erstatning under 5000 kroner og over 750.000 kroner blir ikkje utbetalt.
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen dersom du har spørsmål om ordninga. Du finn meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet si heimeside: landbruksdirektoratet.no