Statens vegvesen ber gardbrukarar fjerne rundballar langs offentleg veg
Gardbrukarar er av Statens Vegvesen bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg innan 1. juni 2017, slik at dei er plassert utanfor sikkerheitssona.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Trafikkfare
Det å køyre inn i rundballar er som å køyre inn i ein bergvegg. Statens vegvesen sine ulukkesrapportar viser at rundballar lagra langs vegen kan gjere ei utforkøyringsulukke til ei dødsulukke. Frå 01.06.2017 startar Statens vegvesen eit systematisk arbeid med å fjerne trafikkfarleg utstyr som er plassert innanfor sikkerheitssona.
Regelverk
Lagring av utstyr langs veg er regulert etter veglova. Dersom Statens vegvesen vurderer lagring av til dømes rundballar langs riks- eller fylkesveg som trafikkfarleg kan dei pålegge eigar å fjerne dei.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78