Tilskott til drenering av jordbruksjord
Landbruks- og matdepartementet har no fastsett "forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord". Rogaland har for 2013 fått 5,1 millionar kr til dreneringstiltak. Denne potten er fordelt til kommunane etter innmeldte behov og etter dyrka jord med gras og grønsaker.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
God drenering er avgjerande for god drift og for å auke produksjon av mat i åra som kjem. I mange høve kan gode dreneringstiltak gje mindre erosjon og avrenning til vassdrag. Godt drenert jord gir òg mindre tap av klimagassar samanlikna med dårleg drenert jord. Drenering er òg eit viktig ledd for å tilpasse jordbruket til eit klima med meir nedbør i framtida.
Det kan givast tilskott til ulike former for drenering på tidlegare drenert jord
- Tilskotssatsane er 1 000 kr/daa ved systematisk grøfting inkludert profilering omgraving.
- For usystematisk grøfting inkludert avskjæringsgrøftar er satsen 15 kr/meter.
- Berekna tilskott under 3 000 kr per søknad blir ikkje utbetalt.
Søknad om tilskott til drenering skal sendast til kommunen på fastsett søknadsskjema
- Eigar og leigar av tidlegare grøfta jord kan søkje om tilskott.
- Ein dreneringsplan med kart og miljøplan trinn 2 må sendast inn saman med søknaden.
- Hent gardskart hos Skog og landskap.
- Last ned søknadsskjema.
- Last ned forslag til skjema for dreneringsplan.
Dreneringsplan
- Planen skal gi miljøinformasjon om, - og verknaden av dreneringstiltaket.
- Sjølv om du kan sette opp plana sjølv anbefaler vi å bruke fagfolk til planlegginga.
- Kontakt kommunen viss du treng råd om innhald i planen.
Kommunen skal handsame søknader om tilskot til drenering
- Kommunen kan fastsette sin eigen søknadsfrist.
- Tiltak som er påbegynt før tilskot er løyvd kan ikkje få tilskot.
- Dreneringstiltak i intensive landbruksområde med sårbare vassdrag skal prioriterast.
- Kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen skal uttale seg i saker der tiltaket kan få
konsekvensar for automatisk freda kulturminne. For mindre private tiltak under 100
dekar, vil eventuelle kostnader til forundersøkingar bli dekka av staten.
- Last ned dreneringsforskrifta.
- Last ned fastsetjingsbrev til dreneringsforskrifta.
Fagstoff om drenering
- Eit faghefte om praktisk drenering blir, i midten av august, distribuert til alle bønder som søkjer
om produksjonstilskot. Dette fagheftet blir også lagt ut på våre nettsider.
- Anna fagstoff om drenering: Sjå Hydroteknikk.no.
Kurs om praktisk drenering
- Tid: 21. og 22. august på Særheim.
- Påmelding: Norsk Landbruksrådgiving Rogaland på tlf. 51 78 91 80.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78