Får ikkje plante juletre på matjord i Klepp
Fylkesmannen gjer om eit vedtak der Klepp kommunen har gitt dispensasjon for omdisponering av 36 dekar dyrka jord til juletreproduksjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I eit vedtak frå februar i år ga Klepp kommune løyve til at ein grunneigar og juletreprodusent kunne ta i bruk 36 dekar dyrka jord til juletreplanting. Fylkesmannen meiner at det ikkje er «særlige tilfelle» som tilseier at jordbruksinteressene bør vike i saka, slik det heiter i jordlova § 9. Det grunnleggande formålet med forbodet mot omdisponering av dyrka jord er å sikre at den ikkje blir tatt i bruk til annna en matprodukjon.
Stortinget har vedtatt eit nasjonalt mål om å auke produksjonen av mat tilsvarande befolkningsauka. Då er det viktig at dei beste jordressursane blir brukt til produksjon av mat. Fylkesmannen ser positivt på at det blir satsa i juletrenæringa, men har klart formidla at juletreproduksjon ikkje skal skje på areal godt egna for matproduksjon. Det er god tilgang på areal til juletreproduksjon i Rogaland, utan å ta i bruk fulldyrka jord i aktive jordbruksområde.
Det er tidligare blitt nekta omdisponering av godt jordbruksareal til juletreproduksjon i aktive jordbruksområde, som til dømes på Jæren. Dersom kommunen sitt vedtak hadde blitt ståande, meiner Fylkesmannen at det kunne ha bidratt til å dreie forvaltningspraksisen i ei klart uheldig retning.