Ta kampen mot ugraset

Har ein mykje ugras i enga eller på beite får ein mindre avling. Ugraset kan og bli ei belastning for naboane dersom det spreier seg. Dersom ugraset blir eit stor problem kan ein få reduksjon i produksjonstilskotet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.07.2012

Eit vilkår for å få produksjonstilskot i jordbruket er at føretaket må drive ”vanlig jordbruksproduksjon” jf. § 3 i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket . Det skal brukast landbruksfagleg skjønn ved vurdering av om føretaket driv ”vanlig jordbruksproduksjon”. Ei viktig vurdering er om føretakets agronomiske drift er tilfredsstillande. Dersom eit areal har mykje ugras og gir lita avling, kan landbruksforvaltninga i kommunen avslå hele eller deler av areal –og kulturlandskapstilskotet.

Manglande tiltak mot ugras kan lett føre til ugrasproblem også på nabobruka dersom ugraset spreier seg vidare.

Meir informasjon om ugras i eng og beite

Fylkesmannen i Rogaland har saman med Felleskjøpet Rogaland Agder gitt ut ein brosjyre om ulike problemugras med forslag til tiltak for å bekjempe ugraset.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar