Dagfinn Svadberg Hatløy tilbake på landbruksavdelinga
Dagfinn Svadberg Hatløy er tilbake på landbruksavdelinga etter fire år som forbundsleiar for Naturviterne. Nå tek han fatt på miljøutfordringane i landbruket, og skal mellom anna arbeide med Utvalde kulturlandskap, nydyrking, SMIL, Regionalt miljøprogram og vassforvaltning.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi er glade for å få Dagfinn tilbake! Dei som har vore ei stund i landbruksforvaltninga veit at han har lang fartstid. Han har vore hos Statsforvaltaren/Fylkesmannen i åra 2001–2017, og før det 10 år i kommunal landbruks- og arealforvaltning i Ryfylke, Strand, Forsand og Hjelmeland kommune.
Dagfinn skal jobbe 100 prosent stilling med næring, natur, miljø og areal. Han er utdanna landbruksøkonom og samfunnsplanleggar frå høgskulen/universitet i Bø (USN), Stavanger (UIS) og Tromsø (UIT).
Hovudarbeidet blir miljøutfordringar i landbruket, både faste og prosessoppgåver. Det blir arbeid innan UKL, nydyrking, Geovekst, SMIL, RMP, massehandtering, forvaltningsplanar verneområde, vassforvaltning m.m.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13