Hugs søknadsfrist for produksjonstilskot 15. mars

1. mars var teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot no i mars. Same dato opna søknadssystemet, med søknadsfrist 15. mars.
Søknadssystemet opna 1. mars, og fram til 15. mars kan du registrera opplysningar om dyretal og anna som skal med i søknaden no i mars. Viss du har søkt innan 15. mars, kan du endra på opplysningane i søknaden fram til og med 29. mars.
Hugs å sjekka kvitteringa!
Hugs å sjå gjennom kvitteringa du mottek etter søknaden er levert! Då kan du kontrollera om alle opplysningar har kome med, eller om noko er registrert feil.
For seint levert søknad
Det er mogleg å levera søknaden etter søknadsfristen og fram til og med 29. mars, men dette gir eit trekk på 1000 kr for kvar dag etter 15. mars søknaden er levert. Etter 29. mars vil det ikkje vera mogleg å levera søknad om tilskot for mars i det heile tatt.