Ny tilsett hjå landbruksavdelinga

Malene Hassel Sørensen er tilsett som rådgivar hjå landbruksavdelinga, og skal ha eitt års vikariat i plangruppa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2020

Malene kjem til oss frå Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen. Ho er utdanna ved UiB og UiS med bachelorgrad i samfunnsvitskap og mastergrad i rettsvitskap. I 2017 hadde ho skriveplass på miljøvernavdelinga kor ho skreiv masteroppgåve om omsynet til uteoppholdsareal til born, og starta så i engasjement i same avdeling.

Sentrale arbeidsoppgåver på landbruksavdelinga vil vera dispensasjonar frå plan- og bygningslova, regional og kommunal planlegging, og saker etter jord- og konsesjonslova. Ho vil og bidra med juridisk bistand på andre arbeidsområde, spesielt innan forvaltning av tilskot.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar