Gladmat – verdas kjekkaste matfestival
Onsdag 26. juni brakar det laus i Stavanger. Festivalen er spekka med aktivitetar – og i år har arrangørane lagt ekstra vekt på å tilby kjekke aktivitetar for barn og unge.
Gladmat set heile Stavanger og Rogaland på hovudet. Det blir «bånn gass» med kurs, kokkekunst, smaksprøvar, sal av knallgode produkt og rettar, show, stjernekokkar, matopplevingar og matglede på Torget, i Vågen og i Pedersgata.
- Programmet i år er utroleg kjekt! Vi har invitert dei beste kokkane i landet og dei vil stå på scenen og lære vekk sine kunnskapar samd inspirere eit matinteressert publikum. Så det er berre å planlegge dagane godt, plukke ut dei programpostane du vil vere med på, og sjølvsagt nyte Gladmat-rettane hos alle utstillarane, fortel Gladmat-general Maren Skjelde.
Gladmattinget er kome for å bli
Gladmattinget blir arrangert for andre gong. Inne på Kokepunktet tjuvstartar Gladmattinget med å diskutere måltidsturisme og spørsmålet: «Vi dyrkar verdsmeistrar i kokkekunst og fòrar fram verdas beste dyr, men kva serverer vi turistane?»
Tinget blir arrangert på opningsdagen 26. juni kl. 10-00–11.30, og er ope for alle. Det er gratis og krev inga påmelding.
Ordstyrar er Arne Hjeltnes.
Stolte produsentar – stolte forbrukarar
Mange produsentar innan landbruk, fiske og havbruk, kokkar og andre som jobbar med mat er særs stolte av å jobbe i matnæringa.
- Vi er opptekne av at også forbrukarane er stolte av alt som blir produsert i regionen vår, Matregion Rogaland. Det blir produsert utrulege mengder med kvalitetsvarer som fortener større merksemd, seier statsforvaltar Bent Høie.
Hald deg oppdatert
På heimesida til Gladmat finn de informasjon om aktivitetar og opningstider med meir.