Rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar i landbruket

Mjølkekyr i nytt lausdriftsfjøs.
Mjølkekyr i nytt lausdriftsfjøs. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Innovasjon Norge har motteke heile 38 søknader om midlar til investeringar i mjølkefjøs, og 50 søknader som gjeld andre landbrukstiltak. Pågangen har vore stor, og det er uvanleg tidleg tomt for midlar i Rogaland.

Publisert 16.01.2025

Onsdag 8. januar var det møte i Landbrukspartnarskapet, der Innovasjon Norge (IN) la fram førebelse tal når det gjeld mottekne søknadar om investeringsmidlar i landbruket (IBU). Det er rekord i tal søknader ved starten av eit nytt år.

Det er overraskande stor investeringsvilje i næringa, og auka sats til mjølkefjøs frå 2024 har truleg gitt auka etterspurnad etter IBU-midlar.

Tomt for midlar i januar?

Det er, som for 2024, særleg investeringar i nye mjølkefjøs som dominerer. Samstundes er det kome inn over 50 saker som gjeld andre føremål enn mjølkefjøs, noko som også er sjeldan mange. Vi har i siste del av 2024 mobilisert særleg aktivt for investering i nye mjølkefjøs, og det kan sjå ut til at dette har gitt positive resultat. Landbrukspartnarskapet har rådd bønder til å søkje så snart som mogleg, mellom anna grunna nasjonal pott som er avsett til lausdrift for storfe.

Viktig å ta del i ekstrapotten til mjølkefjøs

IN hadde pr 14. januar motteke 38 søknader som gjeld nye mjølkefjøs, og det er tenkt at ein stor del av desse sakene skal bli finansiert av nasjonal pott. Det er slik sett viktig å nytte regional pott også til andre føremål tidleg på året, fordi vi må nytte 85 prosent av denne potten før vi får tilgang til nasjonal pott. Det kan eksempelvis vere til nye sauefjøs og omlegging til SPF-gris (friskare gris).

Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang og investeringsbehov i husdyrhaldet, og da er det ekstra viktig at vi får ein god del av nemnte nasjonal pott.

I 2024 blei det løyvd 141 millionar kroner til 40 tiltak i mjølkefjøs, av dette 35 lausdriftsfjøs. Ambisjonen er å tildele tilsvarande omfang i 2025 med om lag same utmåling som for saker i 2024, som i snitt var på 38 prosent.

Stø kurs nå det gjeld prioritering

Prioritering av midlane blei avklart i møte den 31. oktober 2024. For mjølkefjøs er det særleg fokus på mjølkefjøs for inn til 30 kyr med basis i eiga kvote og grovfôrgrunnlag. For sau og kjøtfe må det vere innan eksisterande produksjon, og med særleg fokus på dyrevelferd. Sjå elles nettsida til IN for meir informasjon, under Rogaland.

Kva skjer om du søkjer om IBU-midlar i 2025?

Dersom du har tenkt å søkje om investeringsstøtte for 2025, kan det vere du må vente til 2026 med å få midlar. Uansett er det viktig at du som har planar om å investere i 2026 søkjer om tilskot i 2025. IN har intensjonar om å vere klar for tildeling hausten 2025 med formell løyving i januar 2026. Vi vil kome tilbake med meir informasjon når dette er meir avklart.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.