Fagsamling om SMIL-ordninga
12 deltakarar frå landbrukskontora i Rogaland deltok på Fylkesmannen si samling om SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Samlinga vart arrangert på Sørbø Grendahus i Rennesøy kommune 24. april. Vi hadde i tillegg besøk av rådgivar Marit Annie Larsen som har ansvar for SMIL-ordninga hjå Fylkesmannen i Finnmark.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har i mange år arbeidd for å få opp interessa for å ta vare på biologisk mangfald og gamal kulturmark. RMP gjer at ein i større grad ser nytten av å gjennomføre restaureringstiltak etter SMIL som til dømes satsing på tiltak i områder i naturbasen, arbeid med samanhengande turstiar og tiltak for å hindre forureining. Vi opplever generelt at det er relativt god kopling mellom tilskotsordningane SMIL og RMP.
Ligg tiltak på attgrodde areal innanfor ramma av SMIL-forskrifta?
Stell og drift av areal som følgje av normal utnytting og utviding av areal berre for å auke grovfôrgrunnlaget er ikkje gode nok grunnar for å løyve SMIL-tilskot. I handsaming av SMIL-søknadar vert det påpeikt:
- å leggje vekt på om det omsøkte tiltaket er ein del av den vanlege jordbruksdrifta,
- å sjå om det omsøkte arealet på sikt blir ein del av innmarksarealet,
- å bruke naturbasen for å vurdere miljøverdiane i det omsøkte området,
- å synleggjere kva positive effektar tiltaket har for miljøverdiane og
- å få fram kva vilje søkjar har til å skjøtte det omsøkte arealet med omsyn på å ta vare på miljøverdiane.
Høyring - forskrift til drenering
Høyringsforslaget til forskrift om drenering vart gjennomgått med ei oppmoding til landbrukskontora om å sjå nøye på innhald og sende inn eventuelle forslag til endringar.
Diskusjon
Fylkesmannen varrt oppmoda til å setje opp ei grov oversikt over timeforbruk og timesatsar for ulike skjøtselstiltak i kulturlandskapet. Dette for at landbrukskontora kan leggje seg på ei nokolunde lik linje ved vurdering av budsjett i ulike SMIL-tiltak.
Orientering om Utvalde kulturlandskap
Olav Bø, grunneigar på Bø, orienterte kort om sin avtale om skjøtsel knytt til utvalde kulturlandskap. Avtalen gjekk i hovudsak på korleis han handterer det med å ikkje gjødsle eit større beite som er godkjend som spreieareal.
Tur på to grunneigendomar som ligg inn under Utvalde kulturlandskap
- Audun Steinnes frå Fylkesmannens miljøvernavdeling var guide på ein interessant tur til utsiktspunktet på Nibbå ovanfor Asmarvik. Tema var biologisk mangfald og skjøtsel av ulike naturtypar som til dømes kystlynghei.
- Magne Jørgensen, rådgjevar på landbrukskontoret i Rennesøy kommune, orienterte om kommunen si satsing på Førsvoll på godt og vondt. I følgje deltakarane var det rett av kommunen å engasjere seg og bruke mykje ressursar og SMIL-midlar til å restaurere den gamle steinløa på Førsvoll.
Dagen var i følgje deltakarane interessant. Dei fremja òg ønskje at det for ettertida ble arrangert tilsvarande feltdagar lagt til andre stadar i fylket.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78