Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2020?
Har du gode forslag kan du senda dei til Fylkesmannen før 21. april, så formidlar vi vidare. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å:
- Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet.
- Bevisstgjera folk om miljøverdiane i kulturlandskapet.
- Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er leiar for juryen som skal velja ut årets vinnar.
Fylkesmannen, landbruksavdelinga inviterer med dette aktørar med tilknyting landbruket til å senda inn forslag på kandidatar til årets kulturlandskapspris på e-post til Nono Dimby før 21. april.
Bønder på Kvitsøy fekk denne gjeve prisen i 2017. No håper vi på bidrag slik at vi finn verdige kantidatar frå Rogaland i 2020.