Ny forskrift om organisk gjødsel – invitasjon til innspelsmøte 14. november
14. november kjem ansvarlege styresmakter til Sandnes for å leggja fram sentrale problemstillingar og løysningar for bruk og lagring av husdyrgjødsel. Rogaland er kanske det fylket som er mest spent på kva endringane det blir gjødselvareforskrifta. Bønder, politikarar, forvaltning og interesseorganisasjonar er invitert til å teikne seg for innspel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Gjødselvareforskrifta har lenge vore under revisjon, og etter planen skal forslag til ny forskrift leggjast fram på nyåret. Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune har invitert ansvarlege styresmakter til Rogaland for å leggje fram sine synspunkter. Dei mest interessante spørsmåla er:
1. Krav til spreieareal eller andre bestemmingar om mengde gjødsel:
- Doseringen av kravet
- Korleis spreiearealkravet skal reknast ved leveranse og mottak av gjødsel
- Kva areal skal telle som spreieareal
2. Krav til lagerkapasitet og spreietidspunkt
3. Kva slags krav som skal stilles til oppsamling og lagring av ulike typer materiale, herunder spørsmål om:
- dekke på lager,
- gjødsel frå dyr utomhus (utegard mv.)
- lagring av tørrgjødsel og talle,
- krav til siloanlegg, lagring av rundballer, pressaft.
4. Regulering for bedre utnytting av nitrogen i gjødsla
Møtet er opent for alle. Påmelding kan gjerast på heimesida til Rogaland fylkeskommune
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66