Kommunane skjerpar reglane for å spreie husdyrgjødsel om hausten
Bønder som har jordbruksareal i kommunane; Hå, Time, Sandnes, Stavanger og Randaberg må framover spreie husdyrgjødsla innan 1. september. Opninga i regelverket for å spreie med nedmolding heilt fram til 1. november er med dette fjerna.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunane har vedteke ei lokal forskrift som skjerper inn moglegheita til å spreie husdyrgjødsel med nedmolding på hausten. Årsaka er stor fare for avrenning ved haustspreiing av husdyrgjødsel. Mange vassdrag i desse kommunane er forureina av for mykje næringsstoff, og det er nødvendig å gjere tiltak for å betre vasskvaliteten.
– Å nytte husdyrgjødsla på våren og tidleg i vekstsesongen er godt for både plantene og vassdraga, seier landbruksdirektør Geir Skadberg. Det er bra kommunane sjølv tek grep om vassdraga sine. Samstundes har jærkommunane ei felles utfordring med vasskvaliteten, og det er utfordrande at regelverket no blir ulikt mellom dei.
Forslag frå Jæren vannområde
Initiativet til felles lokal forskrift blei tatt av Jæren vannområde, og alle 8 medlemskommunane tok i vår stilling til forskrifta. Gjesdal, Klepp og Sola vedtok den ikkje. Kommunane kan etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav forby spreiing av organisk gjødsel mellom 1. september og 1. november på stader med fare for alvorleg forureining.
I Rogaland er om lag 95 prosent av jordbruksarealet grasdekt. Dei fleste breispreier husdyrgjødsla utan nedmolding. For dei får den lokale forskrifta ingen praktiske konsekvensar. Det er same rom for å gi utsett frist ved til dømes vanskelege klimatiske tilhøve som tidlegare. Fylkesmannen har i dag ikkje oversikt over omfanget av haustspreiing. For nokon handlar det om for liten lagerkapasiteten for husdyrgjødsel. Likevel meiner Fylkesmannen at den lokale forskrifta er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere påverknaden frå jordbruket. Nedmolding av husdyrgjødsel ved pløying eller harving om hausten er «dobbelt ille», sidan det gir fare for erosjon i tillegg til avrenning av sjølve gjødsla.
Mens vi venter på nasjonal forskrift
Spreietidspunkt for husdyrgjødsel er eit sentralt tema i revisjonen av gjødselvareforskrifta. Eventuelle innskjerpingar i denne vil overstyre lokale forskrifter. Enn så lenge må kommunane gjere eigne vurderingar.
Så til slutt; dagens krav til gjødsellagerkapasitet er 8 månadar. Vårt råd er; bygg kapasitet til 10 eller aller helst 12 månadar. Det vil vere eit godt klimatilpassingstiltak og det vil også vere godt for bonden. Over sommaren kjem det ei ny tilskottsordning til gjødsellager. Den vil likna mykje på den vi hadde sist vinter.