Årsrapport SMIL/drenering 2014 og satsing i 2015
Tilskot til spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) er øyremerka aktive bønder som gjer ein ekstra innsats for å ivareta miljøverdiane i eit kulturlandskap. Tilskot til drenering skal halde jorda i hevd for å sikre jamn auke i matproduksjonen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljøverdiane i eit kulturlandskap og vilje til vedlikehald av desse verdiane, skal vere utløysande for å få løyvd tilskot. Oppslutninga kring SMIL-ordninga i 2014 er den høgaste nokosinne. 233 søkjarar fekk løyvd til saman 16,47 millionar, mot 12,33 millionar i 2013. Den høge aktiviteten skuldast i hovudsak ein del større tiltak og mykje aktivitet på restaurering av bygningar. Det har vore mest aktivitet på kulturlandskap medan aktiviteten på ureining var lågare enn ønska og forventa.
I 2015 fekk Rogaland 8 millionar i SMIL (24 % reduksjon frå 2014) og «ny» SMIL-forskrift tredde i kraft. Landbruket har mange utfordringar innan vassforskrifta og i samband med ivaretaking av biologisk mangfald som framover.
Dreneringstilskot
Tilskot til drenering av tidlegare drenert fulldyrka areal skal halde jorda i hevd for å sikre jamn auke i matproduksjonen. Sjølv om behovet for drenering er stort i Rogaland, blei ikkje tilgjengeleg dreneringstilskot i 2014 brukt opp. 177 søkjarar fekk løyvd 2,93 millionar til drenering av 2 470 daa fulldyrka areal og 27 630 m avskjæringsgrøfter og grøfter til punktdrenering. 3,93 millionar blei overført til 2015.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78