Kraftig auke i regionalt miljøtilskot

Tilskot til "vipestriper" er ei av fleire ordningar som har fått auka tilskotssats.

20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei resultatet i årets jordbruksoppgjer. Dermed kan bønder i fylket søke regionalt miljøtilskot for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2022

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Ei auke i økonomisk ramme på 45 prosent er velkomen, og gir rom for fleire miljøtiltak i fylket. Det er likevel avgrensa kor stor effekt vi klarer å få allereie i år, sidan mange miljøtiltak må startast ved våronna som for lengst var unnagjort når jordbruksoppgjeret blei landa. Men det er eit viktig signal til bøndene i Rogaland om neste vekstsesong.

Endringar i 2022  

Statsforvaltaren har, i samsvar med styringsgruppa for regionalt miljøprogram, auka tilskotssatsane for fleire ordningar, og fjerna tilskotstaka for søknader om tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, miljøavtalar og kulturminne. Tilskot til grasdekte vassvegar i åkerareal er også innført som eit nytt for tiltak mot erosjon. I år blir det for første gang differensiert i tilskotssatsane for kantsoner i eng langs vassdrag, der areal som ligg i Jæren vannomåde og Haugaland vannområde får 10 kroner per meter, medan andre område får 7 kroner per meter.  

Statsforvaltaren vil også gå i dialog med beitelaga i fylket om det er mogleg å få til avtalar mellom beitelaga for sanking i «tomme beiteområde», det vil seie beiteområde der det ikkje lenger blir sleppt sau, og der det ikkje er beitelag som organiserer tilsyn og sanking. Dyr som beiter i tilgrensande forviller seg av og til inn i desse områda, og det er ekstrakostnadar knytt til sanking.

Det er med vilje ikkje gjort andre store endringar, i og med at Regionalt miljøprogram i Rogaland skal rullerast i år.

Handlingsrom til rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Vi står ovanfor ei rullering av regionalt miljøprogram i Rogaland. Ny programperiode skal gjelde frå 2023–2026. Det er Regionalt miljøprogram som definerer kva slags ordningar som skal virke i Rogaland. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte. Det blir også ordinær høyring av ny forskrift til hausten.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.